Allmannajuvet

Våre produkt kan berre kjøpast i Allmannajuvet. Det er ikkje tilfeldig. Produkta og Allmannajuvet heng uløyseleg saman. I utviklinga av produkta har me henta inspirasjon i gruvene og i arkitekturen. Gruvene og historia om Ingeborg har inspirert oss til å utvikla strikka produkt av lokal ull. Arkitekturen har inspirert oss gjennom si form, uttrykk og høge krav til kvalitet. Ikkje minst har produkta blitt godkjend av Peter Zumthor sjølv.


Our products can only be bought in Allmannajuvet. That is no coincidence. The products and Allmannajuvet is inseparably connected. In the design of the products we got inspiration from both the mines and the architecture. The mines and the story of Ingeborg have inspired us to create knitted products of local wool. The architecture has inspired us through form, expression and the high demands to quality. Lastly the products have been approved by Peter Zumthor himself.

(©Photography: Rune Håheimsnes)

Eit lite merke i sink er kjenneteiknet til Ingeborgprodukta. | A small zinc button marks that it is a Ingeborg product.

 

Sinkgruvene | The Zinc Mines

Sinkgruvene i Allmannajuvet er eit nedlagt gruveanlegg i Sauda. Gruvene var i drift frå 1881 til 1899. I denne perioden vart det utvunne 12000 tonn med sinkmalm. I dag er gruveområdet eit museum.


The Allmannajuvet zinc mines are a disused mining works in Sauda. The mines were in operation from 1881 to 1899. During these years a total of 12,000 tonnes of zinc ore were extracted. Today, the mining area is a museum.

Arkitektur | Architecture

Allmannajuvet med dei nedlagde sinkgruvene frå slutten av 1800-talet inspirerte arkitekt Peter Zumthor. Dei enkle bygningane er inspirert av gruvedrifta, strevet og kvardagsslitet til arbeidarane. Installasjonane består av eit museumsbygg, eit kafebygg, eit toalettbygg og parkeringsanlegg, stiar og trapper. Interiøret er kledd med jutestrie som er malt i ein mørk farge.


Allmannajuvet with it’s abandoned zinc mines from the late 1800s inspired architect Peter Zumthor. The simplistic buildings are inspired by the mining operation, the drudgery and the workers’ strenuous everyday lives. The installation consists of a museum building, a café building, toilet and parking facilities, paths and stairs. The interior walls have been painted in a dark colour to resemble a gallery.

Museum | The Museum

Peter Zumthor har sagt at “Små museer er fantastiske. Store museer er kjedelige.” Det er eit lite museum han har skapt i Allmannajuvet. Her kan ein lesa om geologi og gruvedrift, og ein kan sjå gjenstandar frå gruvetida. Kvar gjenstand er nøye vald ut, plassert i rommet og lyssett.


Peter Zumthor once said that “Small museums are great. Big museums are a drag.” It is a small museum he has created in Allmannajuvet. Here you can read about geology and mining, and you can study objects and tools from the mining period. Each object is carefully chosen and placed out in the room.

Kafe | The Café

Kafebygget er det første ein kjem til når ein går opp bakken frå bilvegen. Her kan ein få mat med utsikt. Møblane i rommet er teikna av arkitekten, og finst berre i Allmannajuvet. I kafeen finn ein Ingeborg-produkta utstilt, og her kan ein òg få kjøpt alle produkta våre.


The cafe is the first building you meet when you walk up the stairs from the road. Here you can get food with a view. The furniture in the room is designed by the architect, and is only to be found in Allmannajuvet. In the cafe you can find out products exhibited, and this is also the place to by our products.

©Photography: Per Berntsen