Kolleksjon Heimen

Me finn glede i å lage bruksting til heimen. Dette har me lært av våre mødre, og dei igjen av sine. Handarbeidstradisjonen handlar om å nytta tida (me har alltid me oss handarbeid) og nytta dei ressursane me har. Våre grunnverdiar er difor gjenbruk, kvalitet og lokalprodusert. Godt handverk gjer at produktet varar lenger. Me nyttar lokal garnprodusent til hekla og strikka plagg, og tekstilane er gjenbruk av gamle dukar.



Seint, men ikkje sova, spøte pinnen ut
ikkje sjå opp, få med det siste ordet
Fella spøta, nærsynt, briller og litt lut
Over boka oppslått på det låge bordet

Ettermiddagsveke, sakn, skiftarbeid
Smalen blæktar alltid utanfor i hagen
Ikkje plen og bed men beiteplass for dei
Kvila er ein del av arbeidsdagen

Kara ull og farga, spinna garn
La einkvan slå ut armane og nøsta tråd
Spøta maskene ihop for mann og barn
Til klesplagga me går med utanpå

Forfattar Kjartan Fløgstad skreiv dette diktet i 1997. Fløgstad har skildra industrisamfunnet og heimbygda Sauda i mange av bøkene sine. I dette diktet har han festa blikket på kvinna i industrisamfunnet.

Publisert med løyve frå forfattaren.
Genserbryst med nordlys, frost og rein
Fingrane som spøtar masker saman
Av strikkemønster, trykte setningar til ein
Med masker utanpå men ikkje framand

Koftekledde, lodne, tette, slik blei me
Og sveitte under maskene: me tåler alt
Bli kasta ut for antrekket, bli trakka ned
Me tåler regn og kulde, vått og kaldt

Spøt garnet stramt så ingen ser
Bak maskene som gøymer sårå
(Ja, eg skriv sårå når eg skriv det her)
går, i dag, og ittepå imårå